Slektsbok for Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim

Skriv ut PDF

Slektsbok for Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim

Då Jondal kommune i 2003 gav ut ny slektsbok, registrerte me spørsmål etter oppdaterte
slektsbøker også for Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheimsområdet. Hardangerforlaget tok på
seg arbeidet, Kvam herad støtta opp, og i 2005 starta arbeidet med innsamling av opplysingar.
Bokverket er no komplett, band I kom ut i 2008, band II og III i 2009.
Bokverket inneheld slektsopplysingar for heile området frå mellomalderen fram til 2008/2009.
I tillegg vil lesaren finna gamle og nye foto, likeeins artiklar og småstubbar om ulike tema eller
personar.

Forfattarar og redaktørar av Slektsbok for Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim
Marie Skutlaberg f. 1939 Tidlegare redaktør av Bygdejol (i dag: Gamalt frå Kvam), forfattar av
"Kvam i krig", "Fortel meir bestefar" og andre lokalhistoriske skrifter
Arne Gjerstad f. 1965 Fofattar av artiklar i "Gamalt frå Kvam"
Sjur Tarjei Fykse f. 1972 Redaktør av "Gamalt frå Kvam", forfattar av "Fjordabonden: frå stuttorv og
sigd til rundballar og reiseliv" og "Attersyn II"
Torleiv Ljones f. 1942 Forfattar av artiklar i Bygdejol (i dag: Gamalt frå Kvam),
forfattar av "Kvam ved tusenårskiftet"

På denne sida vert det lagt ut
- Informasjon om avlidne, namn og årstall
- Rettingar til slektsbøkene
Finn du feil i slektsbøkene, send rettingar til e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Klikk på bøkene til venstre for å sjå rettingane i dei respektive bandene.

Sal av slektsbøkene
Slektsbok for Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim kan tingast direkte hjå Hardangerforlaget.
Pris pr. bok: kr 100 for medlemmer og kr 200 for ikkje-medlemmer.



Ting direkte frå Hardangerforlaget på e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Bøkene er også til sals hjå Huus Bokhandel i Øystese, Coop i Tørvikbygd og Joker på Oma.


Sist oppdatert torsdag 15. februar 2018 13:20
Du er her: Hovedside